onsdag 4. juli 2007

New work!



Sidan grafikken kom og tok meg har det ikkje blitt så mykje maleri, men så leika eg litt på bohemkontoret og synes det var kjekt å prøve seg med målarpenselen igjen. Eg laga ein serie på tre bilete, har ikkje bestemt noko tittel enno. Litt inspirert av det å bu i nærheita av ein flyplass, og ein dag i vår då eg var ute og sykla, og hadde nokre turkise fjørliknande øyredobbar på meg. Etterkvart som farten auka byrja øyredobbane å flaksa og det gjekk opp for meg at eg hadde fått vengjer..

Sjå dei andre bileta i galleriet under måleri

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv