
Så enkelt og genialt kan altså eit skilt sjå ut. Less is more, eller var det more is less? Eit slikt is-skilt kan av og til vere sjølve redninga når sola steikjer, nasa flassar og sandalane gjev gnagsår. Og la oss innrømma det, det var ei kjærkommen avveksling til dei alltid like skitne plastikkeskimoane frå diplom-is.
Eit av mine fyrste isminne er frå Voss. Eg var vel 6-7 år og fekk lov å reisa åleine med tog på ei vekes ferie til Tante Bølla på Voss. Tante Bølla var grandtanta mi som eigentleg heite Ingebjørg men alle kalla ho for Bølla, til og med dei gamle som budde i oppgangen hennar, så det vart liksom heilt naturleg. Det var veldig mykje som var spennande med å vera på Voss. For det fyrste så budde Tante Bølla i blokk med 8 etasjar og heis, og berre det i seg sjølv vart nesten i overkant eksotisk for ei som var oppvaksen så langt ute på landet som eg. Det vart ein del heiskjøyring, for å sei det sånn. For det andre var det masse butikkar og gater med bilar og namn på Voss. Og eg som berre var van med Veien og Butikken heime, den eine veien på halvøya der eg budde som førte til Butikken som hadde både kjøttdeig, fiskesnøre, Bugg og mykje anna, men kanskje ikkje så mykje som var spennande for to små jenteauge. Heile veka på Voss trava eg rundt i butikkane, studerte og slukte alt, særleg var eg oppteken av nips i alle slags formar. Små porselensfigurar, morosame souvenireffektar og fine blyantar var eg nok ekstra glad i. Heile tida var eg også på leit etter gåver til både mamma, pappa og bror min. I ettertid trur eg kanskje ikkje at det dei fekk alltid var så fint, eg hugsar blant anna ganske tydeleg at far min fekk ein flaskeopptrekkar laga av eit reinsdyrhorn med "Voss" på, men eg var mektig kry sjølv og pakka alltid gåvene høgtideleg fint inn før overrekkinga. Å reise på tur åleine ei veke for så å komme heim med gåver til heile familien gjorde nok at eg kjende meg ganske så vaksen og kul.
Sist, men ikkje minst så var det Soft-isen. På ekstra varme dagar hende det at eg fekk pengar av Tante Bølla til å kjøpa meg Soft is, for ho hadde skjønt at det var noko av det beste eg visste. Soft is hadde dei iallefall ikkje på Butikken heima, så det måtte nøye planleggjast og vurderast både kva kiosk eg skulle kjøpe den på og kva strø eg skulle velgje. Oftast stod det mellom sjokolade og jordbær, og eg er sikker på at eg kunne henge rundt kiosken i timesvis før eg endeleg tok den vanskelege avgjerda og gjekk fram til luka og sa med skjelvande og småsjenert stemme: ein softis med sjoko..eh..nei jordbær strø, og retta fram den varme, krøllete femtilappen eg hadde i handa. Etter det var det berre lettelse, lukke og mjuk is som smelta nedover fingrane mine.
1 kommentarer:
Oi, achei teu blog pelo google tá bem interessante gostei desse post. Quando der dá uma passada pelo meu blog, é sobre camisetas personalizadas, mostra passo a passo como criar uma camiseta personalizada bem maneira. Até mais.
Legg inn en kommentar