fredag 4. mai 2012
fredag 13. april 2012
Flamingo Friday
Flamingoane var ein av dei mange fine dyra eg såg i København. Eg har alltid hatt ei greie for desse fuglane. Kanskje fordi fargen er så absurd? Eg har ein plan om å bruke fotografia vidare i eit prosjekt, men veit ikkje heilt korleis enno.
mandag 9. april 2012
Copenhagen
Denne påsken måtte ski og snowboard vere åleine heime og støve ned medan eg vendte nasen mot København for å kjenne litt ekte byluft mot dei vinterbleike kinna mine. Ein finfin by som eg har besøkt berre ein gong tidlegare. Det var så kaldt at eg måtte investere i ei ekstra ullstrømpebukse og gjekk rundt med den store leopardlua mi med øyrer heile tida, men ellers ein kjekt og inspirerande tur.
Av høgdepunkta kan eg nevne:Loisiana Kunstmuseum og utstillingane med Andreas Gursky og Avantgardens kvinder. København Zoo. Lunsj i den nydelige vinterhagen i Glypoteket. Dansk designmuseum og dansk design generelt. Dansk øl. Dansk økologisk morgenmad. Hotell.
Elmgreen og Dragset sin installasjon "Powerless structures" hadde funne sin perfekte plass i den vakre utsikten frå Loisiana
I Zoo fekk eg sjå utruleg mange flotte dyr, nokre av dei hadde eg nesten gløymd at eksisterte. Eg vart som ein unge og gjekk bananas med kamera.
Maurslukaren var nysgjerrig og kom heilt bort og helste, sjølv om det var heilt tydeleg at eg var alt anna enn ein maur,
Denne teksten var på innsida av muren til ein isbjørn. Spørmålet er om den kan lese?
Mykje tøff design (her frå Illum varehus) men kontoen var slunken så eg klarte å styre meg.

![]() |

Abonner på:
Innlegg (Atom)